Details page

Kyrkjegarden på Herøy


Foto: Håvard Hatløy
Kyrkjestad frå mellomalderen. I kristen tid vart øya kyrkjestad for Herøy prestegjeld og kyrkja var ei av dei fire hovudkyrkjene på Sunnmøre. Kong Sverre Sigurdson var innom Herøy fleire gongar på veg langs kysten sist på 1100-talet, og i 1263 var kong Magnus Håkonson her. Clæmith i Herøyom er nemnd på 1200-talet. Han må ha vore ein høgboren mann og var truleg eigar av Herøy kyrkje, marmorkyrkja frå tidleg 1100-talet. På 1300-talet møter vi Håkon i Herøyom, og Bjarne Simonson, den første namngjevne presten i Herøy. Gildestova på Herøy er nemnd i 1433 då erkebisp Aslak Bolt var her og "hadde samtalar med ålmugen" i prestegjeldet.