Foto: Håvard Hatløy
På Håkonsholmen låg den gamle handelsstaden, Haacheshafn. Det har vore drive handel her langt tilbake på 1600-talet. Holmen ligg rett ved nordaustenden av Hatløya. Holmen har ei tid på 1700-talet hatt namnet Gullsmedholmen. Namnet kjem frå handelsmann Johan Dischington Berle, som også var utdanna gullsmed. Frå 1810 - 1845 var staden tilhaldstad for sorenskrivaren og i den samanheng også postopneri. Denne tida vart holmen kalla, Skrivarholmen. Den sentrale posisjonen denne øya hadde, er nok årsaken til at staden i daglegtale oftast vart kalla ”Holma”.Publisert av: Lindesnes fyrmuseumSist endret: 2018-11-15