Borgarøya

Borgarøya


Foto: Håvard Hatløy
Den gamle handelsstaden på Borgarøya ligg lagleg til, lunt plassert i eit smalt sund, skjerma frå vèr og vind frå alle kantar. Ei god hamn å legge til og samtidig lett tilgjengeleg frå hovudleia som går rett utanfor. Her har vore dreve handel sidan tidleg 1600-talet, der fisk har vore den vesentlege bytevara. Fiskarbøndene leverte fisk og landbruksprodukt og tok seg ut ulike varer frå lageret på handelsstaden. Den fyrste tida var det dei store kjøpmennene i Bergen som rådde grunnen, med lokale handelsstyrarar. Seinare vart det meir lokal sjølråderett. På 1700-talet vart Borgarøya teken opp i matrikkelen som oppryddingsplass. Mykje av den jorda som tidlegare låg under andre gardpartar, vart no tilhøyrande handelsstaden. No vart det drive jordbruk i større omfang i tillegg til fiske, handel, jekteføring og gjestgjeveri. Mangsysleriet var viktig skulle ein klare seg i skiftande tider, der det kunne svinge frå naud til stor aktivitet på alle kantar. Nokon rikmannsplass vart Borgarøya aldri. Utetter 1880-åra vart det meir eller mindre slutt på handelen då det nye handelssenteret i Ulsteinvik vaks fram på 1900-talet. Under fyrste verdskrig fekk likevel øya ein liten oppsving med fiskedampdrift, men dette fekk ein brå slutt i dei tronge tidene etter krigen .Sidan 1920-talet og fram til 1960-talet vart det dreve jordbruk, stadig i mindre målestokk. Fram til 1981 vart staden nytta som bustad. Ulstein kommune overtok den gamle handelsstaden i 1983, og har i ulike perioder restaurert og skjøtta bygningar og kulturlandskap. I dag er det ein populær utfartsstad i sommarhalvåret


Utskipingskai på Borgarøya


Foto: Håvard Hatløy