Details page

Fyrlykt Molde havnefyr


Foto: Frode Pilskog
Molde havnefyr vart sett på Reknespynten som ei privat fyrlykt i 1904. Det lille jarnhuset var sett opp på eit underbygg av tre. Opphavleg var lampa oljefyrt med okkulterande lys. Lyset hadde seks lyssektorar, tre kvite, ein raud og to grøne. Brenningstida var frå 20. juli til 15. mai. Staten tok over ansvaret for fyrlykta i 1906. I 1923 var lyskarakteren endra. Lyset var no gruppeokkulterande med to formørkingar. To år seinare vart lyset forsterka. Havnefyret vart flytta i 1957 og bygt om til elektrisk straum med olje i reserve. På same tid vart Reknesmoloen lykt etablert som to grøntlysande lanterner ytterst på Reknesmoloen.  Lanternene stod ovanfor kvarande på same stang.  I kulturminneåret 1997 vart både Molde havnefyr og Reknesmoloen lanterne lagt ned. I staden for etablerte ein dagens Molde havnefyr på moloen. Karakteren til den nye lykta var nokså lik den gamle, okkulterande med to formørkingar. Den nye hamnelykta lyser i sju forskjellige sektorar. Den gamle lykta vart bygt om til oljelykt med tilnærma opphavleg utsjånad. I 1998 vart lykta gjeve i gåve til Molde kommune