Details page

Grip fyr


Foto: Frode Pilskog
Grip fyr er bygt på det 150 x 60 meter store skjæret Bratthårskollen, men har fått namnet frå det nærliggande fiskeværet Grip. Arbeidet med fyrstasjonen byrja i 1885 med bygging av landing og kran. Det vart også frakta ut sement, sand og tømmer. I august kom første uvær og alt vart skylt på havet. Året etter leverte Horten verft dei to første ringane til støypejarnstårnet. Desse vart nytta som førebels brakke og tilfluktsrom. På skjæret opna ein et steinbrot. Det gjekk med om lag 1300 kubikkmeter stein og betong gjekk med til det 6,9 meter høge steinfundamentet. Sjølve støypejarnstårnet var 37 meter høgt, beståande av 11 ringar, som til saman vog 110 tonn. Med ei høgde på 44 meter er fyret blant landets høgste. Fyrlinsa av 3. orden vart levert frå Paris, og første gong tent 15. oktober 1880. Fyrvaktar, fyrbetjent og to reserveassistentar måtte bu inne i sjølve fyrtårnet. I 1932 vart fyret elektrifisert og maskinrom vart etablert i nedre del av tårnet. Samstundes vart det montert eit nytt 3. orden fyrapparat med ei 1000 w lampe. Femte til åttande etasje vart bygde om med plass til soverom med felles kjøkken og toalett. I 1947 vart det installert radiofyr.  I 1977 vart Grip fyr automatisert og avfolka. Førti år seinare vart det installert solcellepanel og batteribank som forsyner fyret med straum