Details page

Haugjegla fyr


Foto: Frode Pilskog
Haugjegla fyr. I 1905 gjekk det føre seg ein lokaliseringsdebatt i området. For drivgarnfiske var det viktig med fyr på Skalmen, medan Haugjegla var viktig for tilreisande fiskarar. Løysinga vart å bygge fyr på Skalmen og setje opp ei fyrlykt på Haugjegla. Fyrlykta stetta ikkje behovet, så i i 1922 vart det bygt eit fyr på den låge holmen. Haugjegla fyr var eit 14 meter høgt støypejarnstårn, bygt på ein 7 meter høg betongsokkel. Tårnet var malt raudt med ei kvit stripe, medan betongsokkelen var malt kvit. Bygget hadde tre galleri. Det eine galleriet omkransar overgangen mellom betongsokkelen og støypejarnstårnet, det andre omkransar tårnet i etasjen under lyktehuset og det tredje omkransar lyktehuset. På den austlege delen av øya vart det bygt ei landing med naust og eit fyr. Mellom fyret og naustet vart det bygt ein om lag 350 meter lang veg av betong. Vegen går forbi staden der den gamle fyrlykta stod. Lyset strålte gjennom ei Fresnel fyrlinse av 2.orden er produsert hjå firmaet Barbier, Benard & Turenne i Paris. Fyrvaktar med sine to assistentar budde i sjølve tårnet. Dei hadde felles kjøkken og spisestove. I fjerde til sjette etasje har dei tilsette kvar si etasje med opphaldsrom og soverom. I kjellaren var det vasshaldar og lagerrom.  I 1962 vart fyrstasjonen elektrifisert. I første etasje vart det laga til eit maskinrom. I 1988 vart fyret automatisert og avfolka