Details page

Fjøset på Lepsøyrev fyr


Foto: Frode Pilskog
Lepsøyrev fyr. For å trygge den smale farleia gjennom det grunne revet valde fyrvesenet å setje ut eit fyrskip. Då fyrlyset i toppen av masta til sluppen "Enigheden" vart tent i 1856 var dette landets første fyrskip. Slitasjen var stor, så sluppen måtte erstattast med "Lepsøyrevets Fyrskib" allereie i januar 1858. 2 år seinare fekk ein installert tåkeklokke. I 1867 måtte ein skifte ut fyrskipet med eit nytt og kraftigare fartøy. Slitasjen på fyrskipa var så stor at ein bestemte seg for å bygge eit fyr ute på revet. Ein over 200 meter lang molo måtte byggast. Det 11,5 meter høge åttekanta fyret i betong vart bygd ytst på moloen. Tårnet inneheldt fire rom og eit kjøkken, det vil seie bustad for fyrvaktar med familie. Arbeidet med bygginga vart leia av Martin Mork frå Dalsfjord. Lyset vart første gong tent 1.august 1879. I 1917 vart det installert ei større lykt med klippapparat. I 1930 vart fyrstasjonen elektrifisert. Halve fjøset vart bygt om til bryggarhus sommaren 1932. Automatiseringa og avfolkinga skjedde allereie i 1956. I samband med utdjupinga av Lepsøyrevet, vart fyret lagt ned som navigasjonsinstallasjon i 2014. Fyret vart pussa opp og sidan 2014 har Lepsøyrevets fyrvenner heldt omvisingar, foredrag og kunstutstillingar.