Details page

Stabben fyr


Foto: Frode Pilskog
Stabben fyr Oc (3) WRG 10s. Stabben var saman med Kinnesund dei to første fyra i Sogn og Fjordane. Lyset vart tent 1. oktober 1867. Fyrbygninga på 12 x 8,3 m dekte mesteparten av skjæret. Steinen til fyret vart henta frå ein nærliggande holme. Ein større båt frakta heile 108 båtlaster. Tømmeret vart levert av Mo verk i Namsos. Allereie første vinteren vart det skade på fyret. Året etter vart det bygt ein vernemur av gråstein, som var forma som ein skipsbaug. I 1905 vart tårnet bygt høgre og lyset forsterka med ei Fresnel linse av 4. orden. I 1965 vart fyret elektrifisert. Fyret vart automatisert og avmanna i 1975. Frå 2005 har Kinn kystlag arrangert turar ut til fyret