Details page

Kvanhovden fyr


Foto: Frode Pilskog
Kvanhovden fyr. Oc WRG 6s. Kvanhovden vart første gong tent 5. oktober 1895. Fyret fungerte som eit innseglingsfyr til Frøysjøen og for seilande som skal inn Hellefjorden vest og syd for På Fiskholmen ser ein fortsatt ruinane etter Smørhavn fyrstasjon som første gong vart tent 17. oktober 1871. Smørhavn fyrstasjon fungerte som innseilingsfyr for øya Hovden. Ei trebygning 9,2x8,6 m vart bygt på ein fjellknaus omlag 40 meter over havet. Sjølve lykta vart sett opp på gavlsida av fyrbustaden. Det vart og bygt eit uthus der ein lagra ved og kol. Ved sjøen sette ein opp eit naust. Til fyret hørte det med ein stor eigedom slik at fyrfamilien kunne halde kyr. I 1939 vart det bygt bustad for fyrassistent med familien. Kvanhovden vart elektrifisert med eigne aggregat i 1960. Fyret vart automatisert og avmanna i 1980. I dag er fyret nytta som besøksfyr