Details page

Fyrlykt Synes


Foto: Frode Pilskog
Fyrlykta på Synes. Iso 4s. Lykta vart tent i 1867 etter eit lokalt initiav for å gjere det tryggare for fiskerane under vinterfisket. I 1869 tok staten over og lykta vart sett på ei omlag 3,6 m høg stang. Sjølve lykta kunne heisast opp. Ein lokal tilsynsmann frå nærmaste gard var løna for å drifte lykta. I 1872 vart det sett opp ei vaktbud ved lykta og i nærleiken av denne vart det i 1888 sett opp ei omlag 4 m høg signalmast. Her kunne tilsynsmannen signalisere til fiskarane. I 1903 stod det ferdig ein ny fyrvaktarbustad med lykta på hjørnet. Med bustad, uthus, naust og ein liten kjøkkenhage vart Synes ein ordentlig fyrstasjon som vart drive av ei familie. Lykta vart få år seinare flytta opp i eit tårn på taket av bustaden. Allereie i 1928 fekk fyrstasjonen straum frå det lokale leidningsnettet. I 1959 vart fyret erstatta av ei fyrlykt på ei betongsøyle. Fyret vart automatisert og alle bygningane teke ned og selt til private