Details page

Valderhaug fyrlykt


Foto: Frode Pilskog
Valderhaug "sølygt" vart oppretta i 1772. Initativtakar var byfut P.F. Koren, som nokre tidlegare hadde fått etablert Runde fyr. Opphavleg vart det sett opp ei 5 m høg stang. På toppen var ei trekanta boks, 1 m høg og 60 cm sider. I botnen på boksa var det trehaldara for talglys. Lykta vart plassert ved Løkegarden som på 1700-talet var ein viktig handel og tollstad. Frå 1845 vart garden drive av Hans Løeg som også var losoldermann. Staten tok over ansvaret for lykta i 1807, men grunna napoleonskrigane vart lyset sløkt fram til 1812. I 1836 vart det bygt ei ny lykt, eit lite firkanta hus med eit hol i taket som lykta vart heist opp gjennom. I 1860 vart stasjonen bygt om som familiestasjon med fyrbygning og uthus. I 1876 vart lyset bytta ut med ei 6 ordens linse og parafinlampe. Fyret vart avmanna i 1886 og gjort om til ei fyrlykt plassert på veggen av eit pakkhus. Fyrlykta vart i 1900 flytta og plassert på eit jarnstativ ved sjøen. Fyrlykta var produsert av Frognerkilens fabrik i Christiania. Fyrlykta er i dag lagt ned som navigasjonsinstallasjon