Details page

Kile vor

Foto: Frode Pilskog

Landingsvoren på Kile er ein del av vegen frå Kile og over Bjørkedalen. Frå Kile kunne ein ro eller sigle til Rotset vor. Voren vart finansiert av amtsvegkassa og stod ferdig i 1830. I 1836 var voren skada og samstundes vurdert som for kort. Daniel Danielson Søre-Bjørkedal fekk arbeidet med å bygge ein ny vore som var 22 alner lang, dvs. 13,80 m. Den nye voren stod ferdig i 1839. I 1867 var voren vølt, og det vart då bygt ei trapp av stein som var festa til voren med jarnhaker. Ved bygginga av veg Kile-Følsvik i 1872 vart det bygt ei landgangstrapp i Straumshamn. Steintrappa ved Straumshamn tok over mange av funksjonene til voren på Kile. 