Details page

Fyrlykt Yksnøy

Foto: Frode Pilskog
Fyrlykt med oljebud. OC WGR 6s. Fyrlykta vart sett opp i 1903 og endra i 1911. Lykta er produsert ved Frognerkilen fabrik, Christiania. Første oppsynsmann var grunneigar Ole Høydal. Som ung gut vart Ole sendt til Hoggstein fyr for å vere fyrdreng hjå bestefar Ole Gammelsen Mork. Seinare vart han arbeidsformann og leia bygginga av ei lang rekkje fyr. Høydal busette seg på Yksnøya. Eigedommen vart seinare selt til familien Yksnøy, som i tre generasjonar passa på lyset. Siste oppassar var Kjell Yksnøy. Om sommaren kom fyrvesenet og fylte omlag 200 liter med olje i tankane i oljebuda. Oppasseren måtte fylle olje i ein 10 liter tank, halde veiken rein og pusse linse og vindauge. Oljebuda måtte også malast og vedlikehaldast. Fyrlykta vart elektrifisert og automatisert på 1990-talet. På den tida tente oppassaren 500 kroner i året for arbeidet