Details page

Ona fyr


Foto: og grafikk Arild Fredriksen
Ona fyr vart tent 20.oktober i 1867, og er plassert på Ona-kalven, det høgste punktet på øya Ona. Det 14,7 meter høge støypejarnstårnet vart produsert hjå Marinens verft i Horten, og den franske fyrlinsa kjem i frå Henry Lepaute i Paris, kor ho våren 1867 vart nytta i verdsutstillinga der. Fyrvesenet bygde to bustadar, ein til fyrvaktaren og ein til assistenten. Stasjonen vart og utstyrt med uthus, smie og oljebud. I 1896 fekk fyrstasjonen ei brygge med kran. Ona fyr vart forbetra i 1954, då eit bifyr vart oppretta. Ona fyr vart avfolka i 1971. I dag har Kystverket inngått samarbeid med lokale aktørar om ny bruk av fyrstasjon. Staten ved Kystverket eig fyrstasjonen, som er freda etter kulturminnelova. Dessutan har Ona eit særs rikt fugleliv og er difor og freda etter lov om naturfreding. Fyret og farvatnet - Det var særleg Trondheim Sjømandsforening som la press på at det måtte reisast fyr på Ona. Eit kystfyr vil seie, at når båtar kom inn frå havet, skulle man sjå fyret. Medan Ona fungerer som kystfyr, så vert fyrlyktene på Husøy og Tvinitla nytta til å trygge seilas rundt fiskeværet Ona.