Details page

Høgsteinen fyr


Foto: og grafikk Arild Fredriksen
Høgsteinen fyr ble oppretta i 1857. Fyrtårnet er – som ein kan skjøne av namnet – byggje i huggen stein, dessutan er det fora med 100 000 teglsteinar. Under arbeidet ved Høgsteinen fyrstasjon var ein av pionerane innan fyrbygginga, Ole Gammelsen Mork, formann – slik han bruka å være. Som mange andre fyrbyggarar hadde han drøymd om å avslutte karriæra i fyrvesenet, med ein post som fyrvaktar. Drøymen vart verkeleg og Gammelsen Mork tilrådde som fyrvaktar då Høgsteinen fyrstasjon stod ferdig. Han stod i stillinga til han gjekk av med pensjon. Høgsteinen fyr vart avfolka i 1905. Staten ved Kystverket eig fyrstasjonen, som er freda etter kulturminnelova. Fyret og farvatnet - Fyrkommisjonen av 1851 omtala Breisundet som ei av dei mest søkte innseglingane i det Nordafjelske. Dei meinte eit leifyr ville være til stor nytte for skipstrafikken. Den stad som kommisjonen fant best skikka til føremålet, var på Godøya si søraustlege pynt - “Herfra udskyder omtrent en Kabellængde et av store Stene bestaaende av Rev (...) som man anser for at være den beste Plads for Fyret”.