Details page

Hellisøy fyr


Foto: og grafikk Arild Fredriksen
Hellisøy fyr vart oppretta i 1855, som det andre støypejarnsfyret i Noreg. Tårnet er 32,2 meter høgt og er fora med teglstein. Dei nedre støypejarnplatene er levert av Bærums Verk og dei øvre av Horten Mek. Verksted. På det meste var 95 mann i arbeid på dette prestisjeprosjektet, som vart leia av fyrdirektøren sjølv. Støypejarn som materiale til fyrtårn var ein idé som fyrvesenet henta frå England, etter ein studiereise i tidleg på 1850-talet. Hellisøy fyrstasjon vart avfolka i 1992. I dag har Kystverket samarbeid med kommunen om ny bruk av fyrstasjonen. Staten ved Kystverket eig fyrstasjonen, som er freda etter kulturminnelova. Fyret og farvatnet - Namnet Hellisøy kjem truleg frå ordet heller – som betyr utover hengjande berg. I argumenta for valet av Hellisøy som fyrstad, sa fyrkommisjonen av 1851 følgjande- “Et Fyr ved Feje-osen vilde blive til langt mere Gavn for Søfarten, end om det sattes paa Holmengraa, da det søndre Løb er meget renere og sikrere end Feijefjord, hvorfor det ogsaa næsten udelukkende søges av Skibe der kommer frå Søen eller skulle tilsøes”. Likevel var det ikkje fyrkommisjonen som vart lytta til då Stortinget løyva midlar til bygginga, men tre stortingsrepresentantar frå Vestlandet som lobbyerte fram saka.