Details page

Geita fyr


Foto: og grafikk Arild Fredriksen
Geita fyr vart tent den 1. oktober 1897. Fyrbygningen fungerte og som bustad for familien som stelte fyret. I mange høve bidrog både kone og barn til drifta. På fyranlegget fanst det både uthus og naust, som låg om lag 220 meter frå fyret. Ved naustet var det ein landingsplatting med svingkran, for oftast måtte båtar heisast på land og plasserast i uthuset på grunn av jamt dårleg vêr. Geita fyr vart avfolka i 1982. I dag har Kystverket leigd ut fyrstasjonen til aktørar, som tilbyr allmenta å leige delar av fyrstasjonen som overnattings- og festlokale. Staten ved Kystverket eig fyrstasjonen, som er freda etter kulturminnelova. Fyret og farvatnet - Geita fyr vart reist for å markera leia på austsida av Værlandet, og vart etablert i samband med Utvær fyr. Fyret ligg på toppen av øya Geita og er eit markant landemerke i området. Fyret er eit nokså lite trefyr, men lyktehuset har ei særprega utforming; med ein høg og spiss kuppel – den einaste i sitt slag i Noreg. Det karakteristiske lyktehuset gjer Geita til eit godt dagmerke for dei sjøfarande og.