Feistein fyr

Feistein fyr


Foto: og grafikk Arild Fredriksen
Feistein fyr vart tent fyrste gong i 1859. Tårnet av støypejarn som står her i dag, vart laga som modell til Noreg si utstilling i samband med jubileet av Grunnlova, i Kristiania i 1914. Året etter vart fyrtårnet demontert og frakta til Feistein, for så å verte reist på ny til sitt eigentlege føremål. Feistein fyr vart avfolka i 1990. I dag har Kystverket eit samarbeid med kommunen om ny bruk av fyrstasjonen. Staten ved Kystverket eig fyrstasjonen, som er freda etter kulturminnelova. Fyret og farvatnet - Det var den legendariske fyrdirektøren Carl Fredrik Diriks, som under ein inspeksjon på Vestlandet i 1857, sørga for at Feistein fyr vart reist. Stortinget løyvde i budsjettperioden 1857-60 ressursar til opp-føring av eit fyr på Flatholmen ved Tananger, men fyrdirektøren valde å prioritere om desse pengane, slik at skip som kom vestfrå fekk Feistein i sikte. Utan dette vart skipa lett værande på sjøen, utan å kunne søke hamn, noko som ville skape farlege situasjonar.