Foto: Frode Pilskog
Landingsvoren på Rotset. Voren vart ferdigstilt i 1837 av arbeidsformann Ole Sjursen Rødevand. Landingsvoren var ei viktig samferdsleåre og ein del av vegen Bjørkedal -Kile-Rotset-Standal. Området i bakkant og vest for landingsvoren var tidlegare sentrumsområdet i Volda. Her låg handelsmann, garveri, skule og banken. Ved landingsvoret ligg Garveriet og Ristegarden. Landingsvoren vart nytta av folk som skulle til kyrkja. Det vart sagt at søndagsmorgonar var Garveriet fullt av kvinner som skifta til kyrkjeklede. I 1854 slo ein ned fortøyingsringar i voren. Rammer av Bolga stangjarn vart sett ned i 1868. Mot slutten av 1800-talet vart det bygt dampskipbrygge ved Øyralandet. Utover 1900-talet utvikla Øyralandet seg som sentrumsområde.
Publisert av: Stiftinga Sunnmøre MuseumSist endret: 2018-11-21