Svinøy fyr
Svinøy fyr
Ole Martin Mork var arbeidsformann ved bygginga av Svinøy fyr i 1903-05. I 1908-09 bygte Mork og mannskapet hans Sula fyr. Sula, Ytterholmen og Litløy fyr er bygt i tilsvarande arkitektonisk stil.
Svinøy fyr
Opphavleg stod det eit lynblinkapparat med 2. orden fyrlinse frå Paris i fyret. Dette vart bytta ut med eit halogen lys. Den originale fyrlinsa frå Svinøy står i dag utstilt hjå Dalsfjord Fyrmuseum
Svinøy fyr
Naustet og øvste kran på Svinøy. Folk, båtar og dyr måtte heisast 18 m opp med to kraner.
Svinøy fyr
Landinga på Svinøy er så utilgjengelig at sjølv i godt ver kan ein vere avskåre i fleire veker. Fyrvaktarane måtte proviantere for 6 måneder.
Svinøy fyr
På austsida av Svinøya vart det sett opp ei reservelanding med eit mindre naust i betong. Under ein storm på 1960-talet vart skinnegangen, saman med betongfundamentet i heile si lengde slått opp og øydelagt.