Haugsholmen fyr
Haugsholmen fyr
Haugsholmen fyr ligg på vestre Frekøy. Fyret vart oppretta i 1876. Fyrlykta er plassert på hjørnet av fyrbygninga. Det vart i tillegg sett opp eit uthus og ei oljebod. I 1911 sette arbeidsformann Anders Folkestadås og gjengen hans opp ei ny fyrlykt og laga til klippsektor. I 1939 vart det bygt ein liten bolig til reservebetjenten. Fyret vart skada under eit alliert flyangrep i 1945, men vart tent igjen i november same år. Fyret vart elektrifisert i 1952. Som reserve vart uthuset forlenga med eit maskinrom. I maskinromet stod ein dieselmotor med generator. Reservebetjentboligen vart solgt til nedriving. I 1980 vart fyret avfolka. Fyrkarakteren er Oc(2) WRG 10s. Haugsholmen fyr var det siste fyret i Norge som vart solgt i 2007. Sande kommune eig fyret, men Foreininga Frekøy fyrstasjon vedlikeheld fyrstasjonen og kulturlandskapet rundt.
Haugsholmen fyr
Vestre Frekøy er fuglefreda, men det er mogleg å vitje fyrstasjonen.
Haugsholmen fyr
Fyrstasjenen vart oppretta i 1876. Fyrlykta er plassert på hjørnet av fyrbygninga.
Haugsholmen fyr
Fyrlykta er plassert på hjørnet av fyrbygninga. Ei ny fyrlykt med klippsektor vart sett opp i 1911.
Haugsholmen fyr
Trapp mellom fyret og fyrbetjentboligen. Ruin etter tidlegare bolig for fyrbetjenten og uthuset
Haugsholmen fyr
Haugsholmen fyr var ein familiestasjon. Første fyrmeister var Bertram Gaustad 1876-87, deretter kom Christian Malme 1887-1907, Anton Jacobsen 1908-15, Ole Formo 1915-18, Jonas Teige 1918-45, Sigurd Pedersen 1945-63 og Trygve Werkland 1963-1979. Då Werkland gjekk av med pensjon vart fyrstasjonen avfolka og det vart tilsett ein lokal tilsynsmann. Frå 2007 er det Foreininga Frekøy fyrstasjon som vedlikeheld fyrstasjonen.
Haugsholmen fyr
Tidlegare bolig for fyrbetjent og uthus. Boligen vart bygt i 1939. I samband med at fyret vart elektrifisert i 1952 vart det ikkje lenger behov for reservebetjent. Boligen vart solgt til nedriving