Details page

Jakta på Sunnmørsjekta


Foto: Frode Pilskog
Vi følgjer Håvard Haraldson Hatløy som i samtale med Sigurd Håkonsholm (1928-2013) fekk høyre om tjukke båtbord som vart nytta i ei løe og eit naust på Håkonsholmen. Håkonsholmen er ein gamal handelstad, postopneri og skrivarstad.  Håkonsholm fortalte at oldefaren hans, Ole Svensen (1862-1883) redda i land restane av ei jekt. Jekta hadde gått på ei flud like aust for Håkonsholmen. Fluda har i ettertid fått namnet Trollkjerringfluda. Jekta skulle vere av den gamle typen med ei mast og råsegl. På 1700-talet var Sunnmørsjekta eit vanleg frakteskip, men ingen av desse båtane eksisterer i dag. Håvard tok kontakt med Saxe Bjørkedal, ein kjent rekonstruktør av gamle trebåtar. Saman dokumenterte dei båtborda. Kunne dette vere restane etter ei Sunnmørsjekt? Følg Håvard i Jakta på Sunnmørsjekta!


Jakta på Sunnmørsjekta

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset