Dusavik har ei lang historie som hamn. Her har vore ventehamn og trygg ankringshamn for seglskip som måtte søka ly for ver og vind under seilas i Nordsjøen og langs kysten. Her har randabergbuen skipa ut landbruksprodukt til Bergen og andre stader. Og her tok dei i tidlegare tider mot dogjødsel frå Bergen. Risavika låg med hytter og hus. På sørsida av vika bygde Norske Shell oljeraffineri midt 1960-åra, og her var også ansatsar til annan industri. Med oljealderen kom her store endringar og utbyggingar. I dag er forsyningsbasen i Dusavik ved sida av i Risavika i Tananger store og sentrale basar for for olje- og gassverksemda i Nordsjøen. Risavika er i dag dessutan trafikkhamn for gods- og passasjerar.Publisert av: Lindesnes fyrmuseumSist endret: 2018-11-19