Details page

Hummerfiske


Foto: Statsarkivet i Stavanger
Så tidleg som i 1608 vart det drive fiske etter hummar i Rogaland. I første omgang låg dei viktigaste hummarhamnene på Karmøy, Kvitsøy, Bokn, Sjernarøyane og Tananger. Men ganske tidleg vaks det også fram ei hummarhamn i Vatnamoholmane, lengst sør i Hå og kloss i nordre innseiling til Egersund. I 1669 gjekk 8000 levande hummar over Stavanger og 6700 frå Vatnamoholmane og Sokndal til Holland. Seinare kom også engelskmennene sterkt inn i hummareksporten. Det same gjorde også enkelte stavangerborgarar. Ei næring som skulle gi gode inntekter både til bønder og handelsmenn like opp til vår tid, var etablert.


Hummerfiske

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset