Rett etter hundreårsskiftet var Stavanger inn i ein voksterperiode. Fleire fekk meir pengar mellom hendene. På fine sommardagar var trafikken ut til Solastranda aukande. Forretningsfolk såg muligheter for å reisa ein serveringsstad. Dei første planane kom opp i 1906, seinare også i 1912. Dei stranda på grunn av manglande skjenkeløyve. I 1915 kom Solastrandens Nordsjøbad som vart utstyrt med fem-seks hotellrom. Nordsjøbadet fekk løyve til å skjenka alkoholsvakt øl, og det vart lagt opptil å sperra Solsatranda for andre enn betalande gjester på Nordsjøbadet. i 1928 vart hotellet omdøypt til Sola strandhytte, og utvida og modernisert med eit utprega maritimt preg. Strandhytta fekk både øl og vinrettar. Strandhytta fekk namnet Sola Strandhotell i 1930. I 1932 hadde hotellet kapasitet til å ta mot 40 overnattingsgjester. I dag er hotellet særleg kjent som eit sentralt konferansehotell og ein stad for markering av store hendingar i livet, bryllaup og konfirmasjonar.Publisert av: Lindesnes fyrmuseumSist endret: 2018-11-19