Details page

Fyr


Fram mot 1800 hadde Norge eit fåtal fyr. Kyst og lei var nærast umerka. Det seinka og hindra seilas og kommunikasjon langs kysten. Etter at landet gjekk ut av unionen med Danmark i 1814 gjorde Stortinget det til eit prioritert mål å sikra ferdsla langs kysten og binda landet tettare saman. Det var eit nasjonsbyggjande prosjekt. Det kom i gang systematiske utbygging av fyr og merke langs kysten. Dette galdt også rogalandskysten. Frå 1840-åra og fram mot 1914 vart det i Rogaland bygt eit nett av fyr og merke langs kysten og inn i fjordar. Det var nødvendig for å halda oppe sikker kontakt mellom landsdelane året rundt, for å sikra passasjer-, post- og godstransport, kort sagt for å halda samfunnsmaskineriet svivande.


Fyr

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset