Details page

Frafjord


Naustrekka i Frafjord står som eit minne om farne tider og mangfoldig bruk. Her låg frafjordbuen sin kyrkjebåt. Her hadde notlaget i dalen båtar og utstyr. Her kom og reiste farande folk som skulle ha skyss, ferdafolk frå Sirdal og endå lengre borte frå. Sommaren 1931 gjekk eit stort ras i fjorden. 15-20 meter høge bylgjer slo inn mot stranda og øydela naust og båtar. 24 av nausta vart bygde opp att og er den dag og dag eit vakkert landemerke inst i fjorden. Frafjord hadde dei gamle naust- og lendestadene midt på stranda på søre sida av elveosen. Bryggja for rutebåtar vart bygt lenger borte under fjellet på same sida. Det var djupare her, og ein slapp då å byggja seg ut i sjøen for å få brukande djupne for rutebåtar. Den gamle bryggja strauk med i raset i 1931. Dette raset tok ikkje berre bryggja, men også nausta, om lag ti i talet. Då vart de bygt ny Frafjord-bryggje. Denne var i bruk fram til Frafjord gjekk ut or båtrutenettet då vegen Frafjord- Gilja vart teken i bruk sommaren 1964.


Frafjord

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset