Sandnes hamn har lange tradisjonar. Her hadde jærbygdene ei god inn- og utskipingshamn. Her kunne dei senda ut lanbruksprodukt, korn og poteter og ta mot slikt dei hadde bruk for. Hamna var sjølsagt også utskipingshamn for Sandnes sine eigne produkt, potterivarer og murstein og etter kvart også andre industriprodukt. Frå slutten av 1800- og inn på 1900-talet utvikla Sandnes hamn seg til å bli ei travel og mangfoldig hamn. Her var endestasjon for nattruta til Bergen. Her tok kysthurtigruta om bord last for Oslo og Austlandet. Her var samband nordover kysten og til utlandet. Frå 1960-åra var her sterk konkurranse mellom dei to hamnene i Stavanger og Sandnes. Førstnemnde hadde kapasitetsproblem, sistnemnde bygde ut. Dette var til fordel for Sandnes, men nok til skade for distriktet i forhold til konkurransen med andre hamner, både Bergen, Kristiansand og Oslo.Publisert av: Lindesnes fyrmuseumSist endret: 2018-11-19