Details page

Nordsjøflyginga


På reise heim frå USA trefte den unge bergensaren Tryggve Gran flygaren Robert Lorrain og fekk ideen å flyga over Nordsjøen. Gran utdanna seg til flygar hos den kjente flypioneren Louis Bleriot i Paris og kjøpte inn eit fly for denne ferda. Det ga han namnet ”Nordsjøen”. Da han skulle starta vart turen forseinka i mange dagar på grunn av tåke og regn. Då det endeleg vart meldt godver drog Gran avgarde. Han starta frå sandstranda i Cruden Bay nær Aberdeen i Skottland 30.juli 1914 klokka 13 norsk tid. Verforholda var dårlege. Undervegs møtte han tåke og måtte flyga i blinde til han kom over skydekket. Etter 4 timar og 10 minutt landa han på Maleneset ved Orrevatnet i Klepp klokka 17.12. Her var ingen mottakingskomite. Bare Thore C. Reve som då var ung gut, tok mot. Han syntes Gran sette flyet ned på sanden som ein sommarfugl med utslegne venger. Det var den lengste flyginga over åpent hav nokon hadde gjort til då. Men bragden Gran gjorde forsvann ute i Europa i krisestemninga før utbrotet av første verdenskrigen.


Nordsjøflyginga

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset