Details page

Rutefart


For den unge nasjonen var det om å gjera å byggja ut sambandet langs kysten og mellom landsdelane – å binda landet saman. Difor var det Staten som tok initiativ til rutefart. Snart kom private selskap inn. Dei bygde ut etter kvart ut eit rutenett frå landsende til landsende og over Nordsjøen til kontinentet og England. Dette var særs viktige ruter for passasjer og godstransport, for Vestlandet sitt økonomiske liv. Det Stavangerske Damskipsselskab stifta i 1855, dreiv fjorda- og kystfart. Selskapet bygde opp eit omfattande rutenett på kysten. To hovedsamband var Kystpostruta mellom Bergen og Oslo og kysthurtigruta mellom Sandnes-Stavanger og Oslo. Fleire damskipsselskap kom til og etablerte mot slutten av 1800-talet  etter kvart eit finmaska rutenett i Rogaland.


Rutefart

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset