Details page

Sjøredning


Skonnerten ”Magdalene Christine” frå Bergen forliste utanfor Ogna i januar 1852. 5 av 7 om bord drukna, og forliset blei utløysande for opprettinga av redningsstasjonar langs Jærkysten. Konsul Tønnes Puntervold blei eit hjelpelaust vitne til forliset. Han skreiv seinare ein avisartikkel om denne rystande opplevinga. Artikkelen om ”Magdalena Christine” gjorde eit sterkt inntrykk på sjøfolk i Jær- og Stavangerregionen. 33 skipperar frå regionen sende brev til Marinedepartementet der dei ba omhjelp til å skaffa redningsutstyr til Jærkysten. Same år blei det ved Kongeleg Resolusjon bestemt at det skulle opprettast redningsstasjonar på dei mest utsette stadene langs norskekysten, Jærkysten var eit av desse områda. Fyrdirektøren bestemde kor redningsstasjonane skulle ligge. I løpet av 1854 blei det etablert stasjonar på Refe, Obrestad, Husveg og Kvalbein. To år seinare kom stasjonen på Raunen og den siste blei oppretta i 1897, på Vik. Redningsutstyr blei kjøpt frå England og tilpassa lokala tilhøve. Varden sjøredningsmuseum mellom Brusand og Ogna viser korleis redningstenesta fungerte.


Sjøredning

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset