Jærkysten var lenge frykta av sjøfolk. Mellom Sirevåg og Tanagner er det berre nakne sand- og steinstrender og ingen stader å søke naudhamn. Frå sjøen er silhuettane av fjell godt synlege, men dei langgrunne strendene og det flatelandskapet synest ikkje like godt i uver og i skumringa. Såleis kunne sjøfolk bli leda til å tru at dei var langt frå land. Seglskutene var spesielt sårbare for ulykker, dei hadde ingen motorkraft som ga deiframdrift i ein bestemt retning. Dei kunne ligge og stange mot stormen og bli fylte av vatn, få riggen brekt eller roret skada. Ofte endte seilasen på ei av jærstrendene.Publisert av: Lindesnes fyrmuseumSist endret: 2018-11-19