Details page

Sildefiske


Stavanger Amt kom i ein ekstra heldig posisjon frå tidleg på 1800-talet. Rogaland gjekk samstundes med at landet vart sjølvstendig i 1814 inn i ein av dei rikaste vekstperiodanedenne delen av landet har opplevd. I 1808 kom silda tilbake til rogalandskysten etter å ha vore borte frå 1784. Alle som hadde båt og garn kunne gjera forteneste. Her var tusenvis av fiskarar. Silda let seg villig fanga. Silda forsvann på byrjinga av 1870-åra, noko som resulterte i ei økonomisk krise i Stavangerområdet. Krisa blei kortvarig, rogalandsfiskarane fann silda att andre stader langs norskekysten. Motoriserte båtar og ny fangstreiskap gjorde fisket meir effektivt frå byrjinga av 1900-talet. Mot slutten av 1950-åra forsvann silda, og blei borte i fleire tiår. Nå er silda tilbake. Det betyr mykje for dei som fiskar og foredlar havets sølv. Men silda var korkje i førre hundreåret eller i dette drivkrefter for grunnleggjande samfunnsendringar slik som sildefisket på 1800-talet hadde vore, den tid då silda spelte same hovudrolla for det norske samfunnet som olje- og gassproduksjon i havområda våre betyr i dag.


Sildefiske

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset