Details page

Utsira


I turistreklamen vert det sagt at Utsira er ei annleis verd. Ei langsam og oversiktleg verd der folk har tid til kvarandre. Her er storhavet tett på, og heile øya er verneverdig. Ei reise til Utsira gir mykje og har mykje å by på. både av natur og kultur, av fortid og nåtid. Det høgstliggande fyret i Norge ligg her. Utsira fyr blei sett i drift, som eit tvillingfyr, i 1844. Øya har to hamner, ei kvar si sida av øya, for å sikra tilgang til hamn, uansett verforhold. Ei gamal loshytte står på ei høgde på øya og minner om solide lostradisjonar. Øya hadde ein virksam losstasjon fram til slutten av 1970-talet. Den minste kommunen i Norge med om lag 200 innbyggjarar på 6,15 kvadratkilometer, har solide og framleis godt synlege maritime tradisjonar.


Utsira

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset