Details page

Herdlevær


Foto: Jan-Robert Jore

Herdlevær er ei øy og bygd i Øygarden kommune i Hordaland. Bygda ligg ut mot havet, men ein skjerm av øyar og holmar verner mot storhavet, og Herdlevær er ei god hamn. Øya har ei lang busettingshistorie, noko ei grønnsteinsøks frå steinalderen vitner om. Frå historisk tid finnes det fleire skriftfestingar av øya. I soga om Egil Skallagrimson, er Herdlevær staden Egil tek landkjenning og nyttar som base for ferda over fjorden til Askøy. I soga om Håkon Hakonsson, får vi vite at sommaren 1263 låg leidangflåten ved øya før den stemna på krigstokt vestover mot Skottland. I same soga kjem det og fram at ferder vestover mot Orknøyane tok utgangspunkt i Herdlevær. Øya låg med andre ord sentralt til for ferder mot Island, Vesterhavsøyane og Dei britiske øyane. Herdlevær er omtala i jordeboka til Munkeliv i Kloster i Bergen i 1480. I 1519 var det eit hushald som betalte skatt. I 1647 var det auka til tre. I folketeljinga i 1910 hadde øya 112 registrerte innbyggjarar. Både den sentrale plasseringa ved ei viktig skipslei, dei i kystsamanheng gode tilhøva for jordbruk, og eit svært godt laksefiske har gjort sitt til at Herdlevær til alle tider har vore ein attraktiv stad å bu. (Frå Lokalhistoriewiki - https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Herdlevær )



Herdlevær - Ei trygg hamn i mange tusen år

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset