Details page

Fortøyingskar Valderøya


Foto: Frode Pilskog
Fortøyingskar sett opp i 1876. Plasseringa var foreslått av losoldermannen i Ålesund. Karet  er restaurert av Valderøy historielag. Omlag 50 m sør for karet ligg det steinar som kan vere restar etter tilsvarande steinkar. Totalt var det sett ned fire fortøyingskar i dette område. Tidlegare kan her ha stått åbord, fortøyingsfeste for seglskip. På 1700-talet var det ein større handel og tollstad på Løkegarden. Borgund var sentrum for handel, men mykje av handelen gjekk via tollstaden på Valderøya. Segleskutene kunne fortøye med åbordane og ha ankeret ned på utsida.


Åbord Valderøya


Foto: Frode Pilskog

Åbord Valderøya


Foto: Frode Pilskog

Åbord Valderøya


Foto: Frode Pilskog