Details page

Alnes hamn


Foto: Frode Pilskog
Alnes hamn 1888-1902. Hamna ligg sentralt både for fiske og som naudhamn. Omkring 1887 var det 30 båtar som dreiv fiske frå Alnes. Dette var ei halvering frå tidlegare tider. Dette skyldast dei dårelege hamneforholda. Stortinget vedtok i 1888 bygging av ein molo på Alnes, samt opprensking av stranda. Det vart bygt ein 56 m lang molo i austleg retning. Allereie i 1890 kom det førespurnad frå 11 oppsittarar på Alnes om ytterlegare utviding av moloen. Vedlagt låg anbefalingar frå Skodje, Volda, Borgund, Ørskog, Søkelven, Ulstein, Norddal, Hjørundfjord, Ørsta og Ålesund. Grunna betydninga for fiskeria vedtok Stortinget ytterlegare utviding i 1891. Moloen vart utvida70 m i austleg retning og deretter 50 m i søraustleg retning. For å verne murfoten mot bølger la ein ned ein bryteblokker i heilstøypt betong. Det kunne vere mykje stein innanfor moloen, så ein måtte renske opp hamna i fleire omgangar. I 1911 låg 40 motorfartøy ved hamna.


Alnes hamn


Foto: Frode Pilskog

Alnes hamn


Foto: Frode Pilskog

Alnes hamn


Foto: Frode Pilskog

Alnes hamn


Foto: Frode Pilskog