Ulsteinvik fiskerihamn

Ulsteinvik fiskerihamn


Foto: Frode Pilskog
Ulsteinvik hamn. I 1913 vart det søkt om statstøtte til bygging av hamn i Ulsteinvik. På den tida var det 20 båtar og 4 dampskip som høyrde heime her. Distriktsingeniøren var negativ. I 1936 kom hamnestellet med tre alternative stadar å leggje hamna. I 1951 kom Sjøfarts- og Fiskerinemnda i Stortinget på synfaring til Ulsteinvik. I 1954 klarte ein å velje Saunes som det rette alternativet for plassering av hamn. Første byggetrinn med mudring vart utført i 1973/74. Sjølve fiskerihamna byrja ein å bygge i 1987. For å sikre fiskare i Ulsteinvik vart det mudra samt bygt ein 120 m lang molo.


Ulsteinvik fiskerihamn


Foto: Frode Pilskog

Ulsteinvik fiskerihamn


Foto: Frode Pilskog
Ulsteinvik hamn med fiskeskøyta Hindholmen. Hindholmen vart bygt i 1916 hjå Kristiansand verksted. Skøyta var 109 fot lang, som vart forlenga til 116 fot i 1930. Skroget er bygt i stål. Hindholmen dreiv vinterfiske fram til 1960. Dreiv vintersildfiske fram til 1961. Ved Grønland fiske han etter kveite, laks, torsk og sei. Ved Færøyane, Shetland og Hebridane vart det fiske etter sei, pigghå, håkjerring, rundfisk. Fartøyet dro også på prøvefiske ved Ghanakysten. I dag er fartøyet restaurert slik ho framsto i 1954.