Foto: Frode Pilskog
I Dalsfjord har ein sidan 1825 hatt ei sterk tilknytting til Fyr og merkevesenet. I fleire generasjonar har folk herifrå reist langs norskekysten for å setje opp fyr og sjømerke. På 1980-talet og utover byrja tilsette i Kystverket, samt pensjonerte fyrbyggarar å samle inn gjenstandar og dokumentasjon frå fyrbygginga. Det førte til etableringa av Dalsfjord Fyrmuseum. Dalsfjord Fyrmuseum er ein del av Musea på Sunnmøre og Kystverkmusea, Kystverket sitt etatsmuseum. I Dalsfjord opplever ein fyrbyggarhistoriaPublisert av: Stiftinga Sunnmøre MuseumSist endret: 2020-04-20