Details page

Høgsteinen fyr


Foto: Frode Pilskog
Høgstein fyr Oc WRG 6s. Høgstein fyr vart oppretta i 1857. Arbeidet med fyrstasjonen var omfattande då ein måtte bygge ein molo på eit ubeskytta rev. Arbeidet tok to år og tre månedar. På det meste jobba 47 arbeidarar på fyret under leiing av Ole Gammelsen Mork frå Dalsfjord. Det 11 m høge fyrtårnet er bygt i hoggen stein og murstein frå Holland. Lyktehuset er frå Nes jernverk. Hogstein vart siste fyret Ole G. Mork bygte. Mork søkte og fekk stilling som fyrvaktar her. Saman med kona Kanutte og dei yngste borna flytte dei inn i den nye fyrvaktarboligen nærmast fyret. Dette var ei stilling han heldt i nær 30 år. Fyret vart lagt ned og erstatta med fyrlykt i 1905. Det gamle fyrtårnet fungerte som underbygning. Fyrvesenet sine eigedomar på Godøya vart selt til private i 1907. Lyset vart forsterka i 1928 og endra i 1953.


Høgsteinen fyr


Foto: Frode Pilskog

Høgsteinen fyr


Foto: Frode Pilskog

Høgsteinen fyr


Foto: Frode Pilskog

Høgsteinen fyr


Foto: Frode Pilskog

Høgsteinen fyr


Foto: Frode Pilskog