Foto: Frode Pilskog
Ålesund fyrstasjon, Molja Oc WRG 6s. Fyret vart oppretta i 1858 som eit kommunalt hamnefyr. Staten overtok drifta av fyret i 1877. I 1886 bygte ein fyret 3 m høgre og skifta fyrapparatet. Det gamle sideralapparatet vart bytta ut med eit fyrapparat med ei 6. ordens Fresnel linse. I 1889 vart fyrt avmanna og gjort om til fyrlykt. Fyret ligg ytterst ute på moloen ved innløpet til Ålesund. Innafor moloen ligg Fiskerimuseet.Publisert av: Stiftinga Sunnmøre MuseumSist endret: 2018-11-18