Foto: Frode Pilskog
Fyrlykt. Fl (2) WRG 5s Fresnel 4. ordens linse. Fyrlykta vart oppretta i 1886 og stod då i eit eit lite kvitt trehus. Dei første åra var lykta i bruk frå 26. januar til 8.april. I 1906 var lyktehuset erstatta med eit jarnhus. Fyrlykta er produsert hjå Frognerkilen fabrik. Sjølve døra er merka S.H.Lundh mekaniske verkstad, noko som tyder på at døra har blitt skifta ut Publisert av: Stiftinga Sunnmøre MuseumSist endret: 2025-01-02