Kystmuseet i Øygarden

Kystmuseet i Øygarden


Foto: Jan-Robert Jore
Kystmuseet i Øygarden vart offisielt opna 15. juni 1996. Øygarden kommune fekk 5 millionar kroner øyremerka til museumsbygg frå Trollprosjektet. Gåva var ein konsekvens av dei store endringane som industriutbyggingane i kommunen førte med seg. Trollprosjektet, Norsk kulturråd, Hordaland fylke og Øygarden kommune finansierte bygget. Øygarden kommune har vore og er ein særs viktig bidragsytar og støttespelar for museet. Kystmuseet vart bygd som eit regionalt museum for å formidla og dokumentera kystkultur. Sjølve bygningen ligg fint plassert i sjøbruksmiljøet i Ovågen ved den gamle dampskipskaien. Sidan opninga har museet hatt fokus på kysten si ressurs- og energihistorie. Kystmuseet er eit økomuseum og har ansvar for og eig til saman 14 bygg. Museet har bygd opp ein båt- og gjenstandssamling og har fleire formidlingsarenaer som eksempel "steinalderbuplassen", saltebua og smia. I 2005 vart Kystmuseet i Øygarden kommunen sin tusenårsstad. I den samanheng  har Øygarden kommunen og næringslivet i regionen gjeve støtte til å byggje eit amfi med scene/kai der vi har kulturarrangement og større konsertar.


VARME - Ei energihistorie frå Øygarden

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset

Frå færing til tankskip

Videokvalitet 
Høy
Mobiltilpasset