Details page

Steinbrot Borgarøya


Foto: Frode Pilskog
Store steinbrot sør for hovedbygninga på Borgarøya. Her har det vore brote ut kalk og marmor. Dei eldste funna er etter ein heilag kvit stein som skal ha vore funne i dette området. Steinen vart flytta til eit museum. Det er mogleg at ein i mellomalderen har henta kalk og marmor frå dette området ved bygginga av både Herøy og Ulstein kyrkje. Hans Strøm skriv i 1766 at man på Hatløya  "har man nyelig begyndt at bryde god Kalksteen, til brug for den Mas-Ovn, som Hr. Cammer Raad Alsing" i Romsdal har innretta.Det er ikkje funne kalk eller steinbrot på Hatløya, så det er sannsynleg Lisje-Haltløy (Borgarøya) han meiner. Kammerråd Ole Alsing fungerte som fogd for heile Sunnmøre i 33 år. Ole Alsing dreiv jernverk i Osen i Romsdal. I 1757 fekk han mutingsbrev for gruvedrift i Fiskå. Kalk fekk han frå Hatløya (Borgarøya) og på Skredestranda. Jarnmalm braut han ut blant anna på Nedre Berge på Bergsøya og Fiskå. Det var vanskeleg å få forteneste på verksemda, samstundes som bøndene var misnøgde leveransane av trevirke som dei var pålagt å levere. Alsing døde i 1780 og året etter vart gruveverksemda på Nedre Berge og Fiskå lagt ned.


Steinbrot Borgarøya


Foto: Frode Pilskog