Details page

Ulstein kyrkje


Foto: Frode Pilskog
Ulstein kyrkje vart flytta hit i 1878 etter å ha stått på Ulstein gamle kyrkjegard sidan 1849. Opphavleg arkitekt var sokneprest Hans Nicolai Wraamann. Byggemeister 1848-1849 var Ole Olsen frå Lid, Nordfjordeid. Byggmeister Gjert Lien frå Nordfjordeid stod for oppbygginga i 1878. Ulstein kyrkje er den siste åttekanta kyrkja som vart bygd på Sunnmøre. Ved flyttinga i 1878 fekk kyrkja eit nytt tårn i nygotisk stil, eit eige kor og eit større våpenhus. Tårnuret vart sett opp i 1967. Ulstein kyrkje ligg i dag i sentrum av Ulsteinvik.