Foto: Frode Pilskog
Kikarsteinen, ein naturleg bergknaus 4,5x3m. Her låg losane og speida utover mot S og SØ. Frå steinen kan ein sjå etter båtar som runda Stadlandet. Om lag 15 m Ø for steinen ligg restar av røys/varde 0,8x0,8 m. N for Kikarsteinen er det eit drag med tidlegare dyrka mark/beite. Steingarden går innåt berget. Restar etter gradsbruk i NØ. I bakgrunnen ser ein Stadlandet, mot V ser ein Svinøya. Siste losen på Skorpa var Karolius Skorpen. Losen flytta frå øya i 1924 og vart seinare los i Ålesund.Publisert av: Stiftinga Sunnmøre MuseumSist endret: 2018-11-18