Foto: Håvard Haraldson Hatløy
Ruin etter ei nedlagt fyrlykt. Fyrlykta Ulfsteinvik vart sett opp på Dimnaholmen i 1920. Lyset var gruppe okkulterande med to formørkingar. Lykta hadde 9 lyssektorar, 4 kvite, 3 raude og 2 grøne. Lyshøgda var 3,8 m over havnivå. Fyrlykta lyste frå 23. juli til 14. mai. Lokalt var det misnøye med lykta fordi ein meinte av den blanke sektoren var for smal for større skip. I 1938 gjekk Ulstein fiskarlag inn for å flytte fyrlykta til ei grunne N for Snæingen eller til Blichfeldthammaren på Osnes. Dette vart ikkje noko av. I 1950 søkte fiskarlaget om å få flytte Dimnasundlykta til Vattøyskjeret. I 1951 vart fyrlykta på Dimnasundholmen teke ned og ei fyrlykt vart sett opp på Vattøyskjeret.Publisert av: Stiftinga Sunnmøre MuseumSist endret: 2021-03-21