Details page

Tuft Langholmen


Foto: Frode Pilskog
Tuft med steinkjellar tilhøyrande gardsbruket Langholmen. Tufta er 3,2x3,5 m. Ligg bak knaus med opning mot N. Indre rom 2,1x 2m. Holmane låg under gardane på Moltu. Frå byrjinga av 1800-talet under bruket Myra bnr. 8. Eigar og brukar av Myra 1804-1841 Nils Nikolai Wiig var i 1810 eigar av heile Moltu og plassane der. I 1812 fekk han løyve til å drive handel i Myra. Handelen vart lagt ned i 1840 då sonen Gerhard Wiig valte å starte opp som handelsmann på Flåvær i staden for. I 1822 fekk Nils Pålson Teige plass-setel på Store-Langholmen. Teige betalte ei årleg avgift til Nils Wiig i form av 20 dagsarbeid, samt ettersjå fartøya som Wiig hadde liggjande på Langholmane. I tillegg måtte Teige kunne stille eit båtlag på 6 mann til vårfiske. Fortøyingsringane kan ha vore sett ned på same tid som på Flåvær. Det er mogleg at det er handelsmann Nils Wiig som har kosta dette for å ha feste for fartøya sine som han hadde her. Ved folketellinga i 1910 budde her eit eldre ektepar med to born. Dei dreiv gardsbruk og fiske