Details page

Handelstaden Larsnes


Foto: Frode Pilskog
Rønneberglåna. Larsnes. I hagen er også stabbur og grisehus. Christoffer Rønneberg dreiv handelshus på Kriksholmen. Sonen hans, Rasmus Rønneberg tok til som handelsmann på Larsnes. Han skatta for handelen 1806-22.  Neste generasjon, Christopher Mathias Rønneberg var den første ordføraren i Herøy. Han tok over etter faren 17 år gammal i 1822. Han skatta for handelen 1823-63, dødsbu 1864. Christopher M. dreiv også handel på Skottholmen og i Flusund. Siste kremmar var Rasmus Gerhard Rønneberg 1865-1878. Han døydde i 1907. Enka heldt fram med brennevinshandelen