Foto: Frode Pilskog
Kai bygt av lokal stein, eklogitt. Nytta av dampskip. I 1897/98 kjøpte skreddar Erik Pedersen frå Borgarøya den tidlegare rutebåten "Agder". Sonen Thomas var skipper. "Agder" vart nytta til torskefiske om vinteren og eggafiske om sommaren. I bakkant av kaia skal det ha vore kollager under 1. verdskrig. Eigaren av Borgarøya på den tida, Hans B. Osnes eigde fleire dampskip. I 1916-1919 eigde han "Borgarøy" ein 98,4 fot lang og 20,5 fot brei dampskip. "Borgarøy" var bygt av jarn ved Cook, Welton & Gemmel i Hull 1897. Delar av kai ser ut til å vere eldre. Frå eldre tider kan kaia ha vore nytta som utskipingskai for kalk og marmor. Eit marmorsteinbrot ligg om lag 50 m S for kai.Publisert av: Lindesnes fyrmuseumSist endret: 2018-11-18